Kampen mot tyngdekrafta

Heilt sidan (og til og med før) mongolane og kinesarane bombarderte kvarandre med brennande kruttpiler, så har kampen mot tyngdekrafta pågått med bokstavelig talt aukande styrke. Men det var først då Kennedy i sin berømte tale i 1962 lovte at USA skulle bringa mennesker (les: menn) til månen og trygt tilbake igjen innan tiåret var omme, at utviklinga verkelig skaut fart (også dette bokstavelig talt). Då tok landet fatt på dette enorme prosjektet som vart fullbragt med det «lille skrittet for mennesket, men det kjempespranget for menneskeheten», som Neil Armstrong tok då han sette foten på månen den 21 juli (norsk tid) 1969.

Anspora av russarane sine bragder med Sputnik (1957), Laika# (1957) og Gagarin (1961), sette USA inn, nær sagt, alle krefter for å vinna romkappløpet. Og etter meir eller mindre suksessfylte prosjekt med Mercuryprogrammet (1958-1963) og Geminiprogrammet (1961 – 1966), starta Apolloprogrammet i 1961 under ledelse av tyskaren Wernher von Braun. Det skulle komma til å vidareføra kunnskapen frå det tyske V2-programmet, og bringa saman, det ypperste av amerikansk ingeniørkunst og vitskap, kobla med eit enormt antal større og mindre selskap. På det meste, jobba 400 000 på Apollo program gjennom meir enn 20 000 industriselskap i eit samspel som nok kan kallast den mest imponerande bragd i moderne tid.

Det er denne bragden vi på Tertnes vidaregåande i all beskjedenhet vil feira med fellesprosjektet Apollo50+. Femtiårsjubileet for månelandinga har vore behørig markert både i inn- og utland (og spesielt USA, sjølsagt), men feiringa kan trygt fortsetja. For Apolloprosjektet heldt fram til 1972, då astronautane på Apollo 17 vart dei siste som til no har sett foten på månen. Kun tolv menn har vore på månen, men det disse mennene var med på skulle komma til å prega ein heil generasjon, og ei heil verd. Fremdeles i dag er den mektige bæreraketten Saturn V (som frakta Apollo til månen), den kraftigaste maskin som menneskeheten har bygd for å kjempa mot tyngdekrafta. Og samtidig er den ein inspirasjon for dei nye generasjonane med ingeniørar og vitskapsfolk som byggjer dei nye gerenasjonane rakettar.

For no er rakettforskinga igjen i farten, og selskap som SpaceX og Blue Origin imponerer oss med sine rakettar. Men, som alltid, står dagens heltar på kjempers skuldrar. For sjøl om neste steg er Mars, må vi først tilbake til månen. Og sjøl i 2019 er dette ein ikkje liten utfordring. Så dette seier det meste om kva Apollo oppnådde, og at programmet er vel verd ei feiring!

# Laika er egentlig bare navnet på rasen. Ho vart kalla både Kudrjavka (russisk кудрявка, den lille med krøller) og andre navn.